Rita Eriksen til Kystmuseet
Rita Eriksen Trio kjem til Kystmuseet i Øygarden fredag 19. august for å halde utekonsert på ein av Vestlandets flottaste konsertarenaer.
Rita Eriksen har besøkt Vestkystfestivalen også ein gang tidlegare. For nokre år sidan gjorde ho ein fantastisk konsert på Nordsjøfartmuseet i Telavåg, og denne gangen har ho altså flytta seg til den andre enden av regionen vår.
Eriksen er kjend og kjær for mange. Kvinna frå Stavanger har vore aktiv plate- og konsertartist i eit par tiår. Ho har også vore i samarbeid med mange andre artistar, og er nok mest kjent for ei gjesteopptreden med Vamp, som ho syng "Tir n'a Noir" med.
Konsertstart vert kl. 20.00. Billettpris er 230 kr. på førehandsal, og kr. 280 dersom du kjøper billett ved inngang.
Billettar til konserten får du kjøpt hos Kundeinformasjonen på Sartor Storsenter, Kystmuseet i Øygarden eller du kan telefonbestilla hos Radio Sotra på dagtid - 56313660
Trygve Wåge Rolf Øvretveit
-styreleiar- -festivalsjef-




















